Moderne tomannsbustader på Bergsøy

 

S.Storøy AS skal bygge moderne tomannsbustad på to plan, med fin beliggenheit i det nyetablerte byggjefeltet Eggesbøjorda på Bergsøya i Herøy kommune.

Frå bustadfeltet er det kort veg til skule, barnehagar, leikeplass, tursti, badeland, fritidsaktivitetar, butikkar og Fosnavåg sentrum. Husa er innhaldsrike og går over to plan, med ei moderne og tidsriktig fasade og store vindauge.

 

Du kjem inn i bustaden via eit overbygd inngangsparti som skjærmar for vêr og vind. Over to etasjar har du tre soverom, eit stort baderom, kombinert sportsbod/bod/vaskerom som kan nyttast som bi-inngang, ein innbydande entre med trappeoppgang til andre etasje og ei lys, opa sove-/kjøkkenløysing med utgang til veranda i andre etasje.

Bygget er sørvendt og på terrasse i første etasje og veranda i andre etasje er det gode soltilhøve. 

Utanfor vert det tillaga oppstillingsplass for bilar. Uteområdet vert grovplanert med maskin og ferdig grusa veg/parkering til bustadane.
Ny felles privat køyreveg er etablert frå Grønhaugvegen. Vegen vil bli ferdigstilt av entreprenør med asfalt og gatelys.