Prosjektert 2-mannsbustad på eit plan - Teigelia

 

 

S.Storøy AS skal bygge 2-mannsbustad på eit plan, med fin beliggenheit i Teigelia på Kvalsund, Nærlandsøy i Herøy kommune.

Frå bustadfeltet er det kort veg til skule, barnehagar, leikeplass, tursti, badeland, fritidsaktivitetar, butikkar og Fosnavåg sentrum. Husa er innhaldsrike med 2 soverom, bad, overbygd inngangsparti, terrasse med gode soltilhøve og oppstillingsplass for bil. Prisen er levert "nøkkelferdig", klar til innflytting.

 

Flotte og tilrettelagde bustader på 1 plan med god standard, god planløysing og overbygd inngangsparti. Husa er vendt mot sør og har særs gode soltilhøve og flott utsikt. Bruksareal (BRA) pr. bustad er 70kvm.

 

I N N H A L D: 

Vindfang, bod, gang, bad, 2 soverom, stove/kjøkken, overbygd inngangsparti, terrasse og oppstillingsplass for bil.

N Æ R O M R Å D E T:

Bustadane skal byggast i eit etablert bustadsområde i Teigelia på Nærlandsøy i Herøy kommune. Området er bornevenleg med lite trafikk og det er skule rett i nærleiken