Prosjekterte bustader i rekke - Bergshaugen

 

 

S.Storøy AS skal bygge to bustader i rekke, med fin beliggenheit på Bergshaugen i Fosnavåg. 
Kort veg til skule, barnehagar, leikeplass, tursti, badeland, fritidsaktiviteter, butikkar og Fosnavåg sentrum. Husa er innhaldsrike med 3 soverom, 2 bad, vaskerom, stor terasse med gode soltilhøve og garasje m.sportsbod.

Bergshaugen er ein flott stad å vekse opp.

 

Flotte og moderne bustader over 2 plan på rekke med god standard, god planløysing og garasje med direkteinngang til bustaden. Husa er vendt mot sør og har særs gode soltilhøve. Bruksareal (BRA) pr. bustad er 139kvm + garasje 34,5kvm. 
 

 

Bustadane skal byggast i eit etablert bustadsområde på Bergshaugen i Fosnavåg i Herøy kommune. Området er barnevenleg med lite trafikk og det er skule og barnehage i gangavstand frå bustadane. Det er også gangavstand til Fosnavåg sentrum.